skip to Main Content

Papirannonser

Bømlo-nytt er den største mediekanalen i Bømlo kommune. Avisa har eit tett samarbeid med Sunnhordland og Os & Fusaposten, og kan hjelpa deg med marknadsføring og annonsering til desse.

Bømlo-nytt har eit opplag på 3418 aviser og vert lesen av 7.300 menneske kvar dag.
Avisa kjem ut onsdagar og laurdagar.

Ca. 1 gong kvar månad kjem avisa ut i fulldistribusjon i Bømlo kommune, med eit opplag på 5000 aviser, og sørgjer difor for at annonsa di når ekstra langt. Spesialaviser som sommaravisa og miljøavisa blir distribuert i heile nærområdet vårt, med eit opplag på 14.000.

Truverdig annonsering

Bømlo-nytt har eksistert som lokalavis sidan 1973, og har sidan den gong vore ein viktig støttespelar i lokalsamfunnet. Avisa vert oppfatta som truverdig, og kvar einaste dag jobbar me med å engasjera, skapa godt innhald og ha ein solid produksjon.

Bømlo-nytt har høg lojalitet blant sine lesarar – og dette er med på å skapa den beste konteksten for deg som annonsør. Med ei papirannonse når du folk på heimebane. Du som annonsør vert invitert inn i folk sin kvardag.

Våre kundar opplever god effekt av sine papirannonser, uavhengig av bransje. Den aller beste effekten vil ein oppnå om ein tenkjer langsiktig og heilheitleg, og kombinerer annonsering på papir og digitale flater.

Kvifor bør du velja papirannonse?

– LESARMODUS

I dag vert ein utsett for mykje reklame og annonser – særleg på digitale flater. Men kva modus er eigentleg lesaren i når han kjem over annonsa? Det er frivillig og lystbetont og setja seg ned for å lesa ei avis. Det betyr at lesaren har retta merksemda si mot avisa og er i ein modus der han let seg påverka og engasjera.

– BETALT PRODUKT

Avisa er eit betalt produkt og lesarane våre ynskjer å lesa avisa frå perm til perm.

– RETT MÅLGRUPPE
Du treff ei lokal målgruppe.

Prisar

Annonseprisane varierer ut frå plassering og storleik. Me tek utgangspunkt i modulkartet og om annonsa skal stå på tekst- eller annonseside.
Ta gjerne kontakt med ein av våre dyktige medierådgivarar så hjelper me deg med å setja saman ein annonsepakke etter ditt behov. Me kan senda deg eit uforpliktande tilbod og tilbyr gode løysingar for dine idear.

Produksjon og materiell

Me har eiga grafisk avdeling og kan difor produsera annonsa for deg. Du får sjølvsagt koma med innspel og lesa korrektur før noko vert trykt.

Ferdig materiell må vera hos oss innan kl. 10:00 dagen før publisering. Materiell som skal produserast av oss må vera klart 2 dagar før.

Frida Austestad

Marknadsansvarleg / Grafisk designer / Typograf

Hege Jakobsen Valde

Mediaselger

Back To Top