skip to Main Content

Nå målgruppa med innstikk

Med innstikk er du sikker på at bilaget følgjer med over dørterskelen til lesaren. Innstikk treff målgruppa like sikkert som avisa, og kan forklarast som ei form for avisannonse som vert flytta til eige bilag. Skal du sikra deg at lesaren bruker tid på bodskapen din, er innstikk ein smart veg til målet.

Innstikk er ein del av avisa sitt totale annonseprodukt. Fordelen med innstikk er at det også når dei som har reservert seg mot uadressert reklame. Rundt 46% av norske husstandar har reservert seg mot dette.

Me kan ta ferdigproduserte innstikk, men kan også utføra produksjon via trykkeriet vårt.

Konkurrerande bilag vert ikkje stukne inn same dag.

Hugsereglar for innstikk

  • Me har eit opplag frå 5000 til 14.000
  • Me treng eit format, antal sider og vekt på innstikket
  • Innstikket må leverast maks 5 dagar før innstikksdatoen, seinast 2 dagar før.

Frida Austestad

Marknadsansvarleg / grafisk designer / typograf
Tlf: 982 50 142 / frida@bomlo-nytt.no

Back To Top