skip to Main Content

Kvifor bør du ha
ei nettside?

Nettsida di er avgjerande
for å kommunisera med den 
moderne kunden.

Søkemotorar har for alvor funne sin plass i kvardagen vår, og å «google»
er etter kvart vorte eit eige uttrykk. Statistikk syner at berre i Noreg vert det utført
50 millionar søk på nett kvar dag. Difor er det avgjerande at bedrifta di er synleg på nett.

Korleis finn
kundane deg?

Alt handlar om kundane dine. Dei fleste startar kundereisa
heime i sofaen. Når ein kjem på at ein treng eit produkt eller ein
teneste vert mobilen henta fram, og ein søkjer etter nokon som leverer det
ein er ute etter. Kundane dine er flinke til å orientera seg før kjøp.

Kva skjer om
di bedrift
ikkje dukkar opp i søkeresultatet?

Enkelt sagt veit ikkje kunden at du eksisterer. Ei nettside
er ditt digitale visittkort, din måte å presentera deg sjølv og
verksemda på – for alle som er på nett.

Back To Top