skip to Main Content

Skap tillit og følg opp kampanjar

Nettsida di er avgjerande for å skapa tillit hos kunden – og ditt viktigaste utstillingsvindauge. På nettsida di går kunden for å orientera seg og finna informasjon. Innfrir ikkje nettsida di forventningane til kunden, kan ein heller ikkje forventa at kunden blir verande på sida. Sida må samsvara med dine digitale kampanjar – anten det er på nettavis, Facebook eller Google AdWords. Sida di må difor optimaliserast med tanke på å konvertera besøkande til betalande kundar. Me meiner at det er essensielt med ei god nettside.

Nettsida skal samla alle dine digitale trådar og vera bedrifta sitt ansikt utad. Anten du treng heilt ny nettside eller berre hjelp til å få struktur og orden på den eksisterande sida di, kan me hjelpa deg. Me kan også bistå med produksjon av landingssider som samsvarar med dine digitale annonsekampanjar.

Under følgjer tre ulike pakkeløysingar der me kan hjelpa deg med di nettside.

Pakkeløysingar – nettside

Tekst-pakken

Om du er fornøyd med nettsida di, men føler du treng meir orden og struktur er dette alternativet du bør velja. I denne pakkeløysinga inngår:

  • Kartleggingsmøte: endringar, målsetjingar og strategiar.
  • Endringar av oppsett og meny-struktur basert på kartleggingsmøte, analyse og SEO.
  • Forfatting og implementering av nye tekstar.

FULL PAKKE

Vil du gi nettsida di ein makeover er dette pakken for deg.

  • Kartleggingsmøte for å avdekka behov rundt ny nettside.
  • Design av heilt ny nettside.
  • Koding og oppsett av ny nettside.
  • Forfatting og implementering av seljande tekstar.
  • Søkemotoroptimalisering.

SEO-ANALYSE

Treng du tips og rådgiving om SEO på nettsida di, står me klare til å hjelpa deg.

  • Kartleggingsmøte – rangering og synlegheit på nett i dag?
  • Ynskja målsetjing.
  • Planlegging av søkeord.
  • Analyse av eksisterande side og føreslåtte endringar.
  • Implementering av nye, søkemotoroptimaliserte tekstar og menystrukturar.

Hege Jakobsen Valde

Mediaselger
Tlf: 415 62 009 / hege@bomlo-nytt.no

Back To Top